Velkomen til gudsteneste

Alle menneske er velkomne til gudsteneste i Den norske kyrkja. Gudstenesta gir rom for heile livet, både glede og sorg. I gudstenesta kan du saman med andre dele tru og undring, bønn og tilbeding.
Du kan kome aleine eller saman med andre. Det er heilt gratis og det vert ikkje stilte krav – gudstenesta er eit ope fellesskap med rom for deg. Det ligg styrke i å møte Gud saman med andre. Vi treng kvarandre for å dele tru og undring, klage, takk, bønn og tilbeding.
Når og kvar er det gudsteneste?
Det aller vanlegaste er at sokn feirer gudsteneste i kyrkja sundag kl 11. Gudstenester kan òg skje utanfor kyrkja, på kvelden eller midt på dagen og når som helst i veka – i kvardag, glede eller sorg. Klikk her for å sjå når det er gudsteneste i Hemsedal.
Kva skjer i ei gudsteneste?
Gudstenesteforma kan variere frå stad til stad, og liturgien opnar for mange variasjonar. Difor kan både verbale og musikalske uttrykk variere ut frå tid og stad. Hovudinnhaldet er likevel det same i alle gudstenester fordi vi har ei felles liturgisamling. Les om dei ulike delane av gudstenesta under.
Kilde: Den norske kirke