Kva er preike, tekstlesing og velsigning i gudstenesta?


Kva er preike, tekstlesing og velsigning i gudstenesta?


I ein ordinær gudsteneste blir det lese tre tekstar frå Bibelen: Éin frå Det gamle testamentet, éin frå evangelia og éin frå dei øvrige skriftene i Det nye testamentet. Oftast er teksten som er preiketekst henta frå evangelia.
 

Kva tekstar som blir lese er fastsett i det som heiter kyrkjeårets tekstrekker som har ein syklus på tre år – altså at same tekst blir lese kvart tredje år.

Kyrkjeåret byrjar første sundag i advent og er delt inn i ulike «sesongar»: advent, jul, opentider, faste, påsketid, pinse og treenighetstida. Sjølv om tekstene varierer frå år til år, er det vanlegvis same tematikk på dei ulike sundagane.


Preike
Preika er ei forklaring og utlegging av ein av dei bibelske tekstane som vert lese. Preika skal gjere den bibelske teksten relevant for den som høyrer han. Men ikkje berre det: Gudstenesta er ikkje fyrst og fremst ei minnehandling om kva som hende ein gong, men ei levandegjering av Guds nåde og Jesu oppstode i og for oss her og no. Gud skapte ikkje verda ein gong, og trekte seg tilbake – Guds skapnad skjer kvar einaste dag. Jesus sigra ikkje over døden berre ein gong for lenge sidan – kvar dag vert døden overvinna. Gudstenesta, og preika, syner og feirar derfor det som heile tida skjer, ikkje berre det som hende.

Preika har vore ein del av den kristne gudstenesta frå den fyrste tida. Gjennom historia har rolla til preika og bruken av dei bibelske tekstane variert.

Lengda på preika kan også variere, vanlegvis varer ei preike eit kvarter/tyve minutt.

Kvifor "lysest velsigninga" på slutten av gudstenesta?
Ved avslutninga av kvar gudsteneste vert velsigninga lesen. Velsigninga som vert brukt oftast, kallast den aronittiske velsigninga fordi det var bror til Moses, Aron, som fekk bod om å seie han (4 Mos. 6,22-27).

Ordet velsigning tyder «å tale godt om». Velsigninga er dermed å få med seg Guds gode ord til oss når gudstenesta er slutt. Samstundes er Guds velsigning meir enn ord, det er Guds gjerningar gjorde for oss: Å vere velsigna av Gud er å bli borne av Guds kjærleik i livet. Vi må ikkje forstå det slik at å vere velsigna tyder eit liv utan bekymringar, sorg og naud, men heller forstå det slik at Gud er med oss i alle delar av livet, også når vi har det vondt.

Herren velsigne deg og bevare deg.
Herren la sitt andlet lysa over deg og vere deg nådig.
Herren løfte sitt andlet på deg og gje deg fred.

 

3x3 klokkeslag
Etter at velsigninga er lyst, ringjer ein i kyrkjeklokken med 3 gonger 3 slag.
Dei tre slaga er meint som ei påminning om den treande Guden og oppfordrar oss til bønn
 

Tilbake