Kva er rekkjefølgja i ei gudsteneste?


Kva er rekkjefølgja i ei gudsteneste?


Den kristne gudstenesta har heile tida hatt ei felles grunnstruktur, som har utgangspunkt i kyrkjas liturgiske arv. Ordets del og Nattverdsdelen er hovudelementa. Denne strukturen vert kalla Ordning for hovudgudsteneste. Kvar kyrkjelyd har ei lokal grunnordning for gudstenestefeiring, basert på denne grunnstrukturen. Oversikta nedanfor gjev innhaldet i ei Høymesse, som er den mest fullstendige forma for hovudgudsteneste. I enklare hovudgudstenester vil nokre av desse ledda falle bort.

 

Samling
1. Førebudding
2. Inngangssalme
3. Helsing
4. Samlingsbøn
5. Syndsbekjenning (her eller som ledd 17)
6. Bønnerop – KYRIE
7. Lovsong – GLORIA
(Dåp i gudstenesta skjer normalt her.)
8. Dagens bøn

Ordet
9. Første lesing
10. Bibelsk salme/Salme
11. Andre lesing
12. Evangelielesing
13. Preike
14. Trusbekjenning – CREDO
15. Salme
16. Kunngjeringar
17. Syndsbekjenning (her eller som ledd 5)
18. Forbøn for kyrkja og verda
19. Takkoffer

Nattverd
20. Førebudding av måltidet
21. Takksegn og bøn inkludert Hellig – SANCTUS, innstiftingsorda og Fadervår
22. Nattverdsmåltidet, inkludert fredshandling – PAX og du Guds lam – AGNUS DEI
23. Måltidets avslutning

Sendelse
24. Salme
25. Velsigning
26. Utsending
27. Postludium

Tilbake