Ordet nattverd tyder kveldsmåltid, og måltidet vart tidleg ein sentral handling i kyrkja. Den første nattverden fann stad på skjærtorsdag, då Jesus var samla med sine vener i Jerusalem. Nattverden er ein viktig og sentral handling i kyrkja, både for fellesskapet og den einskilde.

Nattverden er eit fast ledd i kyrkjelydens hovudgudsteneste og kan òg haldast i andre gudstenester.
Kvelden før Jesus vart krossfesta, var han saman med disiplane sine. Dei åt påskemåltidet saman (Matt 26, 17-25). Dette måltidet reknar kyrkja som innstiftinga av nattverden.
Mens dei heldt måltidet, tok Jesus eit brød, takka og braut det, gav disiplane og sa: «Ta imot og et! Dette er kroppen min.» Og han tok eit beger, takka, gav dei og sa: «Drikk alle av det! For dette er blodet mitt, paktsblodet, som blir utgjøytt for mange så syndene vert tilgjevne» (Matt 26, 26-28).
Hellig handling
Dåp og nattverd utgjer dei to sakramenta i Den evangelisk lutherske kyrkja. Nattverd har vorte feira i den kristne kyrkjelyden gjennom to tusen år. Det er ei heilag handling, der ord og musikk, symbol, kropp, sansing, rom og rørsle inngår i ein større heilskap. Perspek tiva strekkjer seg frå augneblikkets no, til det evige livet. Måltidet er til styrke og oppreising både for den einskilde og fellesskapet.
Etter måltidet seier presten:
Den krossfesta og oppstandne Jesus Kristus
har no gjeve oss sitt heilage legeme og blod
som han gav til soning for alle våre synder.
Han styrkjer oss og held oss oppe i ei sann tru til det evige livet.
Opent nattverdbord
Vår kyrkje har eit opent nattverdbord for alle, uavhengig av alder. Også små barn kan delta ved nattverden saman med sine foreldre, fadrar eller andre som har medansvar for barnets kristne oppseding.
Salmeskatt
I salmeboka er det mange nattverdsalmar, og tekstane opnar for ulike refleksjonar om måltidet si eiga natur. Sentralt blant desse er Svein Ellingsens salme Jesus, livets sol og glede.
Hellig stund, i denne handling mottar vi vårt livs forvandling. (Norsk Salmebok 2013 nr 604, v1)
Svein Ellingsen skildrar ei stille, djup glede og forventing. Den same gleda og forventinga les vi i salmen frå den afro-amerikanske spiritualtradisjonen "Når vi deler det brød som du oss gir, ….. Kvar vers sluttar med …. blir vår natt vendt til dag i din kjærlighetssoloppgang. Å, Jesus, du er vårt liv! (Norsk Salmebok 2013 nr 608)