Samlingsbøn
Samlingsbønnen er kyrkjelydens bønn til Gud om at han må opne vårt sinn og hjarta slik at vi kan ta imot det han vil gje oss. Samlingsbønnen som vert brukt i dag er ein variant av klokkerbønnen som vart innført i 1685.
Kirkemøtet vedtok i 2014 «Dagens bønn» (kollektbønn) for alle 83 kyrkjeårsdagar på bokmål og på nynorsk. Dagens bønn oppsummerer hovudbodskapen for den enkelte kyrkjeårsdag og vert avslutta med ei lovprisning av den treenige Gud.
Syndsbekjenning
Syndsbekjenninga er ei bønn om tilgjeving for våre synder – både eigne handlingar og fellesskapets fråfall frå Gud. Syndsbekjenninga er relativt ny i gudstenesta og kom inn på byrjinga av 1900-talet. Nokre sokneråd let den kome i samband med forbøn.
Kyrie
Kyrie eleison er gresk og tyder «Herre, ver barmhjartig mot meg», eller meir enkelt: «Herre, hjelp meg». Orda er henta frå den blinde Bartimeus som ropte dette for å fanga merksemda til Jesus (Mark 10,46). I gudstenesta er dette soknefolket sitt felles rop og bøn til Gud om at han må koma nær og hjelpa oss til å leva gode liv i samsvar med hans vilje.
Gloria
Gloria er latin og tyder ære. Gloria er ein lovsong som kjem som eit svar på Kyrie: Vi ropar til Gud, og trur at han høyrer oss og kjem til oss, derfor vil vi takka han for det med lovsong. Orda som vert songne er dei same som englane song på Betlehemsmarka då Jesus vart fødd (Luk 2,14)
Forbøn
Det vert bedne mange bønner i løpet av ei gudsteneste, men forbønnen er den mest omfattande. Dette leddet vert òg kalla «Bønn for kyrkja og verda» og har gjerne faste formuleringar som vert brukte kvar sundag. Det vert bedt for menneske, jord, soknet og andre tema. Bønnen har gjerne fleire ledd, og soknet syng/seg korte svar mellom kvart ledd. Forbønnen fungerer som eit bindeledd mellom ordets del og bordets del i gudstenesta.