Vil du bli frivillig i Hemsedal kyrkje?
Bli med på laget!
Kunne du tenkja deg å gjera noko for andre, gjera noko meiningsfullt eller bidra i kyrkja sitt arbeid?
Kanskje du vil vera sjåfør når folk treng skyss, er glad i å snakka med folk på telefon, vera saman med barn eller ungdom, læra nye ting eller læra bort noko til andre? Er du glad i praktisk arbeid?
Er det stort eller lite, er det for ein kort periode eller lengre tid - Me vil gjerne høyra frå deg! Saman skaper me kyrkje!
Klikk på linken under for å registrera deg som frivillig - her finst MANGE ulike oppgåver.
Har du interesser eller ønskjer du som ikkje står på lista? Ta kontakt med oss!
JA! Jeg vil bli frivillig!
