Har du, eller ein du kjenner, behov for å snakke med nokon? I mange situasjoner i livet kan det være fint og viktig å snakke med en prest eller diakon. Det kan dreie seg om sorg eller livskriser, eller små eller store spørsmål om trua og livet. Diakonar er kyrkjens omsorgsarbeidarar og vi har teieplikt. Du treng ingen henvising og det er gratis.

Kvifor har kyrkja eit samtaletilbod?
Kyrkja er gitt eit særskilt oppdrag å tene menneske og heile skapverket og er her for menneske – også når livet er vanskeleg. Gjennom diakonien ønskjer vi å møte deg med omsorg, respekt og tid til å lytte. Du treng ikkje tru for å komme – du er velkomen slik du er.
Mange kan ofte eller av og til føle seg åleine med tankane sine. Då kan det vere godt å lufte dei med nokon andre som ikkje er familie/ven. I samtale med ein diakon kan du ta opp det som opptar deg. Det treng ikkje vere alvorleg eller handle om trua, men om det som rører seg i livet ditt av utfordringar i kvardagen. Tema kan vere sorg, samlivsbrudd, åleineheit, krise i familien, uro og bekymringar. I de flestes liv dukker det opp situasjoner der det vil være tid for samtale,tid for å stoppe opp og få litt hjelp fra andre inn i det som er vanskelig. Da kan du kontakte oss om du ønsker det.
Kva består tilbodet i?
Vi tilbyr samtale på telefon, ved å gå ein tur saman eller heime hos vedkommande. Om du ønskjer ein samtale kan du ta kontakt med vår diakonimedarbeidar Sissel.
Tilbodet er gratis, du treng ingen henvisning og det er teieplikt.
Kven kan kontakta oss?
Samtaletilbodet er for deg som bur i Hemsedal, anten du er medlem i kyrkja eller ikkje. Anten du er ungdom eller eldre er du like velkomen. Er du i eit akutt behov for samtale kan du kontakta Kirkens SOS, heile døgnet på tlf 22 40 00 40. Dei kan også kontaktast på nettsida si.
Har vi tid for deg?
Ja, samtalar er noko av det vi prioriterer høgst. Vi veit av erfaring kor mykje det betyr å ha nokon å snakke fortroligt med utanfor familie og kjennskapssirkel, spesielt når det er vanskeleg. Vi kan tilby deg samtalar og følgje deg gjennom prosessar, anten det gjeld sorg, sjukdom, relasjonsproblem, vala du må ta, trua di, klimaangst eller andre ting. Generelt vil det ikkje vere lang ventetid for deg, for å få ein samtale, og fordelen er at du kan ta direkte kontakt med oss, utan tilvising frå andre.