Diakoni er kyrkja si omsorgsteneste. Omsorgen visast gjennom nestekjærleik, inkluderande fellesskap, vern om skaparverket og kamp for rettferd. All diakonal omsorg byggjer på gjensidighet, likeverd og respekt for den andre. Menigheitens diakonale tiltak retta seg både mot kyrkjemedlemmer og mot lokalbefolkninga generelt.
Visjonen for den diakonale tenesta i Den norske kyrkja: Guds kjærleik til alle menneske og alt det skapte, verkeleggjort gjennom liv og teneste.

Diakoni er evangeliet i handling, og kjem til uttrykk gjennom nestekjærleik, inkluderande fellesskap, vern om skaparverket og kamp for rettferd. Spennet er stort - frå den kvardagslege omsorga for naboen, via arbeid for klima, til internasjonalt engasjement for å nedkjempe fattigdom. Diakonien ønskjer å fremme respekt og verdigheit og leggje til rette for at menneske kan leve i forsoning med seg sjølv og andre, myndiggjere menneske i eige liv, og bidra til at menneske får ivareteke sine rettar.
Kyrkja er diakonal av vesen, og diakoni er ein integrert del av identiteten og oppdraget til kyrkja. Diakonien ynskjer å fremje respekt og verdigheit og vil bidra til at menneske kan leve i forsoning med seg sjølv og andre, og til å myndiggjere menneske i eiga liv. Det dreier seg om å bidra til at menneske får teke vare på rettane sine.
Kyrkja er gitt eit særskilt oppdrag å tene menneske og heile skapverket. Mennesket er skapt i Guds bilete til å vere medmenneske. Alle menneske er overgitt til kvarandre, og er avhengige av kvarandre og av jorda. Ingen lever av seg sjølv eller for seg sjølv. Vi er skapt til å tene kvarandre og til å ha omsorg for kvarandre. Samstundes er heile skapverket avhengig av at menneska tek sitt forvaltaransvar på alvor. Med utgangspunkt i trua på Gud har vi ansvar for verda. Å gjere trua verkeleg i handling er å spørje på ny og på ny «kven er min neste?» Det er å stille seg til disposisjon, både som fellesskap og einskildperson, og spørje: «Kva vil du eg skal gjere for deg?»
Jesus brydde seg om menneska. Han forkynte og han hjelpte menneske. Han helbreidde sjuke og han gav utstøytte ein plass i fellesskapet. Ifølgje Bibelen nytta Jesus omgrepet diakonos ('tenar') om seg sjølv. Diakoni er kyrkja si omsorgsteneste.
Diakoni i Hemsedal
I Hemsedal har diakonimedarbeidar Sissel. Men diakoni er ein stor del av arbeidet til heile staben i alt vi gjer og tenkjer.
Frivilligheit
For å drive eit godt diakonalt tilbod er vi avhengige av frivillige medarbeidarar. Har du lyst til å bidra? Mange opplever det som givande å delta aktivt i kyrkjelydsarbeidet. Vi treng alltid fleire hender og gode idear. Du bestemmer sjølv kva du vil gjere, og kor ofte du vil vere med. Vi ønskjer òg å høyre dine forslag og draumar, kanskje vi kan skape noko nytt saman?
Ta kontakt med Sissel, dersom du ønskjer å vere med som frivillig, eller om du ønskjer meir informasjon om tilbod og aktivitetar.

