Konfirmasjonsdatoar og påmelding


Konfirmasjonsdatoar og påmelding


Konfirmasjonsdatoar:
2027: 22. og 23. mai
2028: 27. og 28.mai 
2029: 26. og 27.mai

Det blir moglegheit til konfirmasjon både i Hemsedal kyrkje og Lykkja kapell.

Kva dag ein får konfirmasjon vil vere klart til det første foreldremøtet. Det er mogleg å leggje inn ynskje, men vi garanterer ikkje at det kan innfriast dersom mange ynskjer same dag.

 

Påmelding:
Påmelding til konfirmasjon skjer digialt på vår heimeside. Påmeldinga skjer det året konfirmanten fyller 14 år. Vi brukar å opne påmeldinga i mai. Påmelding startar på nett i juni og er open fram til konfirmantoppstart i september. Alle som er døypte får invitasjon i post. 

Når det er klart for påmelding legg vi òg ut informasjon om viktige datoar i konfirmantåret.

Dersom du er usikker på alt som skal fyllast ut, skriv du det du veit, og sender inn. Vi ordnar det som manglar ved oppstart. 

Påmelding til konfirmantåret 26/27: Klikk her

 

Særskilte behov:
Har du særskilde behov? Ta kontakt med oss, så legg vi til rette i samarbeid med dykk.

------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

 

 

Tilbake