Gudsteneste med utdeling av 4-årsbok i mai månad.
Knøttekoret har øvingar i forkant og deltek på gudstenesten.
Dei som fyller 4 år får invitasjon til ei ettermiddagssamling og ein gudsteneste for små og store i Hemsedal kyrkje. Dette skjer vanlegvis i mai/juni. Vi sender invitasjon til dei som er døypte, eller dei som har sagt frå at dei vil ha invitasjonar, men alle dei som fyller 4 år dette året er velkomne.
I forkant er det øvingar for knøttekoret - her er alle frå 4-7 år velkomne med. På gudstenesten blir det utdeling av "Mi kyrkjebok 4", og knøttekoret syng.
Mamma, pappa eller ein annan vaksen må gjerne vere med om det kjennes trygt.