Hemsedal kyrkje ligg vakkert til midt i bygda, med utsikt over dalen og fjella rundt.

Hemsedal kyrkje ligg vakkert til midt i bygda, med utsikt over dalen og fjella rundt. Kyrkja vart bygd i 1882 og er teikna av arkitekt Johannes Henrik Nissen. Ho er ei klassisk langkyrkje i tre og har plass til rundt 330 menneske.
Kyrkja er eit viktig samlingspunkt i Hemsedal – både for gudstenester, høgtider og store livshendingar som dåp, konfirmasjon, bryllaup og gravferd. Gjennom generasjonar har kyrkja vore ein naturleg del av livet i bygda.
Innvendig er kyrkjerommet lyst og høgtideleg, med vakre detaljar og eit historisk orgel som framleis er i bruk. Hemsedal kyrkje står i dag som eit levande kyrkjerom der tradisjon, historie og lokalt fellesskap møtest.
Hemsedal kyrkje er svært populær når det gjeld bryllaup, både for folk frå bygda, men også mange som bur andre stader. Klikk deg inn her for å lesa meir om kyrkjelege handlingar.
Kyrkja kan leigast ut til mellom anna konsertar. Les meir her om utleigereglement og prisar
Du kan lesa meir om kyrkja her.
Bilder frå kyrkja:
















Vårt unike August Nilsen orgel, i Hemsedal kyrkje, har ei lang historie bak seg då det vart bygd for Lindemanns Musikk og Organistskole i Christiania i 1886 heilt til plasseringa på galleriet i Hemsedal kyrkje der orgelet har funne heimen sin.