Hemsedal kyrkjelyd og Normisjon Hemsedal har skrive under ein ny misjonsavtale med Normisjon nasjonalt. Misjonsprosjektet er Nepal med fokus på sjukehuset i Okhalddunga og eit kvinneprosjekt i vest i landet.

LITT OM NEPAL OG MISJONSPROSJEKTET
Mellom India og Kina ligg fjellandet Nepal som på sanskrit betyr «ved foten av bustaden til gudane». Men kontinentalplatene som pressa fram guddommelege Mount Everest på 8848 meter, står også bak jordskjelva i 2015 som tok tilsvarande mange liv.
Historie:
Nepal vart samla til ein stat i 1768, då den krigerske gurkhastammen frå Vest-Nepal tok makta. I 1791 trong ein kinesisk hær seg inn i landet, og frå då av og heilt fram til 1912 måtte Nepal betala krigsavgift til Kina. Nepal har gjennom tidene vore prega av politisk uro. Våren 1990 var det ein omfattande revolusjon i landet, og ein demokratiseringsprosess vart starta.
Styreform:
I desember 2007 vart det ved avstemming i parlamentet avgjort at kongedømmet skulle avskaffast og erstattast med republikk. Det første møtet i konstitusjonell forsamling fann stad i mai 2008.
Lese og skrivekunnigheit:
Kvinner 34,9%, menn 62,7%.
Religionar:
Hinduisme 80,6%, buddhisme 10,7%, islam 4,2%, anemisme, og ca 600 000 kristne.
Fram til 1990 var hinduisme einaste tillatne religion i Nepal. I praksis var det også buddhistar og muslimar i landet. Forbode å vera kristen inntil 1959, deretter forbode å konvertera inntil 1990. Frå 2006 er alle religionar likestilte.
SYKEHUSET I OKHALDHUNGA
I byrjinga av 2000-talet hadde dette avsidesliggjande sjukehuset store problem. Dei einaste legane som kom dit var unge, uerfarne nepalilegar som vart sende på korte oppdrag, nokre veker eller månader kvar. Sjukehusleiinga greidde ikkje å rekruttera nokon til å vera der permanent. Det vart diskutert kor vidt sjukehuset måtte leggjast ned. Noko som ville få katastrofale konsekvensar. Sjukehuset er det einaste fungerande sjukehuset for ei befolkning på fleire hundre tusen menneske. Folk i distriktet har ikkje høve til å reisa til noko anna sjukehus.
Normisjons utsendingar Kristin og Erik Bøhler jobba tidlegare på eit sjukehus i Kathmandu. Dei fekk høyra om situasjonen ved Okhaldhunga sjukehus. Ekteparet har tidlegare jobba i slike område i Bhutan i åtte år, så dei tilbaud seg å reisa til Okhaldhunga og vart flytta til dit 2004. Deira arbeid går ut på å driva sjukehuset saman med den nepalesiske staben.
Me er med på å støtta pasientstøttefondet som gjer det mogleg for dei som ikkje har råd til behandling kan få dette. Dette fondet treng heile tida å bli fylt opp.
KVINNEPROSJEKTET I BAJHANG
Normisjon støttar eit nytt kvinneprosjektet som starta i 2015 i Bajhang, heilt vest i Nepal. Lokalbefolkninga har bede om hjelp til å finna nye vegar å leva på for kvinner så dei kan ta del i utdanning og får gode familieliv. Gjennom dette prosjektet håpar ein å få bukt med mellom anna vald og diskriminering mot jenter/kvinner.
Liv Wendel er Normisjonen sin utsending. Her er eit lite utklipp frå bloggen hennar:
“Det kjennest som me har fått ei moglegheit mellom hendene med dette prosjektet, at tida er rett, folk ønskjer forandring og er klare for å la det skje berre moglegheita blir gitt. Så forandringane er større enn eg hadde våga håpa på for eitt og eit halvt år sidan. Fleire jenter har byrja å sova inne i husa og ikkje ute i *chau-shedene når dei har menstruasjon. Ingen har vorte sjuke eller galne av den grunn. Nokon har byrja å drikka mjølk, utan at noko gale har skjedd med kyrne deira. I ein landsby som tidlegare var avstengd for dei med menstruasjon, har damene no byrja å entra uavhengig av tida i månaden. Fleire av stadene har dei innført alkoholrestriksjonar i samarbeid med det lokale politiet. Og mange fortel om mindre vald og bråk som resultat. Det er berre å ta av seg hatten.”
FORBØNN:
Me oppmodar deg til å be for misjonsprosjekta i Nepal, for arbeidet og for dei som tenestegjer der.
Vil du støtta dette arbeidet? Gi gåva di på vippsnummer 105608 og vel "misjonsprosjekt".