Ope Hus


Ope Hus


VELKOMEN TIL OPE HUS

Kvar fyrste tysdag i månaden er det triveleg formiddagstreff på Kyrkjestugu frå kl 11.00.
Faste innslag er solosang, diktlesing, bordkonkurransar, allsong, "ord for dagen" og ferske vaflar i kaffepausa.

Kvar gong får me også besøk av ein invitert gjest, som kåserer, eller held eit foredrag, ofte med lysbilete/film, om eit aktuelt tema. Tema kan vera henta frå nærområda våre eller frå fjernare strøk.

Fast er det i februar kvart år at me får besøk av 6.klasse på Hemsedal skole, som bidreg med flott underhaldning. I juni dreg me på vårtur og i desember har me alltid ei hyggjeleg adventsstund med mykje song og musikk.

 

Ope hus blir annonsert i kyrkjebladet, kommuneposten, på kyrkja sin facebook, samt heimesidene til kyrkja.

Komiteen i Ope hus er Kjellaug Solbakken, Signe Lise Jordheim og Ragnhild Jordheim Sørbø. Ta gjerne kontakt om du har idear eller innspel.

 

Velkommen!

 

Programmet for våren 2026: 

Tilbake