Hemsedal stavkyrkjetomt
I dag er det gudsteneste om sommaren og det er moglegheit for dåp og vigsel.
Hemsedal stavkyrkje var ei langkyrkje av Borguntypen, der både skip og kor har heva midtrom. Den låg ved garden Kyrkjebøen i Hemsedal. Kyrkja vart dessverre riven i 1882 etter at ein ny kyrkja stod klar. Ei vanleg datering av stavkyrkja har vore til første halvdel av 1200-talet. I dag står berre grunnmuren igjen. Det har komme opp eit alter i samband med den årlege utegudstenesta på sommaren.

Historikk
Det er mykje som taler for at stavkyrkja i Hemsedal vart oppført i perioden 1207-1224. Den er av Borgundtypen og har nok opphavleg minnet mykje om den i utsjånaden sin. Rekonstruerte skisser, basert på oppmålingar og arkeologiske utgravingar, stadfestar også denne teorien.
Under arkeologiske utgravingar av kyrkjetufta i 1963 vart det nemleg funne ein signetring med seglet til biskop Henrik av Stavanger. På den tid tilhøyrde Hallingdal Stavanger bispedømme. Ein har derfor rekna med at biskopen kan ha vore den som opphavleg innvigde kyrkja, sjølv om dette ikkje lèt seg stadfesta, og at han under visitasen må ha mista ringen, som har falle ned mellom plankane i golvet og hamna under kyrkja. Det vart også funne over 200 myntar dei eldste frå 1160-1205, og nokon myntar frå Magnus Lagabøtes tid.
Hemsedal stavkyrkje blir nemnd første gong i dei pavelege nuntiusanes (sendebods) rekneskapars- og dagbøker som vart førte under oppkrevjinga av tiande for Norden i perioden 1282–1324, då som «Ecclesia Aamsodal». Kyrkja blir også nemnd under namnet «*Skodvinar Kirkja i Hemsudali» i 1327, og det er kanskje ikkje så merkeleg, når ein veit at garden Kyrkjebøen tidlegare heitte Skodvin og seinare vart kalla «Skadengård» i skriftlege kjelder.
Etter reformasjonen vart mykje av inventara til kyrkja truleg borte. Den første presten skal mellom anna ha brent alle helgenbileta, noko folk i prestegjeldet likte dårleg. I 1603 skal presten Jens Larsen Roschild ha rydda unna alt resterande som fanst frå tida før reformasjonen. Av rekneskapane til presten kan ein også sjå at det den 19. februar i 1665 vart bestemd å byggja eit nytt våpenhus og å fornya «svala» på nordsida med nye stolpar. Ein kan derfor trekkja den slutninga at kyrkja var i forfall. Rekneskapane viser at det i 1680 vart sett opp eit jernspir med fløy, og at det i 1684 vart innsett eit nytt vindauge ved preikestolen. Fram til byrjinga av 1700-talet skjedde truleg lite meir med kyrkja, anna enn normalt forfall og noko vedlikehald. Av dei seks prestane som har betent kyrkja sidan reformasjonen, var fem danskfødde.
Den 26. mai 1714 inngjekk presten Anders Bøyesen kontrakt med ein lokal tømmermann om å riva det gamle koret og *apsiden og setja opp eit nytt og større kor. Det gamle koret var ca. 19 m² stort, medan det nye vart 38 m² og var lafta av tømmer. Samtidig vart det bygget eit nytt sakristi for presten. Også takryttaren vart utbetra, truleg som følgje av at dei tunge klokkene var hengd opp der utan god nok forsterkning. Resultatet vart tidleg forfall. I 1715 foræra presten sjølv ei ny altertavle til kyrkja. Den var 169 cm høg og 203 cm brei og hadde øvst Kristus på korset som motiv. Måleriet på tavla målte 128 x 144 cm.
I 1722 vart kyrkja seld, slik som mange norske kyrkjer vart for å styrkja finansane til staten etter den store nordiske krigen. Den var då annekskyrkje under kyrkja i Nes i Hallingdal. Presten Anders Bøyesen og lensmann Ola Olsson Markegård (1672–1741) gjekk saman om kjøpet. Samtidig kjøpte dei også hovudkyrkja i Nes og annekskyrkjene i Gol og Flå, som alle var stavkyrkjer. Salet vart approbert av kong Fredrik IV den 6. februar 1723, og skøyta på eigedommane, som også omfatta fleire gardsbruk, vart skrivne ut den 21. juni same år. For dette betalte kjøparane tilsaman 1457 riksdalar og 12 skillingar.
Lensmann Markegård beheldt kyrkjene og det tilligende jordegodset i Gol og Hemsedal, medan presten overtok kyrkjene på Nes og Flå med tilhøyrande jordegods. Hemsedal stavkyrkje vart verande i same families eige fram til den vart riven. Den skulle likevel først gå gjennom endå ei stor ombygging i 1816. Då vart mellom anna det resterande av svalgangane, dei to våpenhusa og tileveggene av omgangen med tak og portal fjerna, slik at det einaste som stod tilbake av den opphavlege kyrkja var den indre reisninga. Ombygginga vart gjord så billig som mogleg, med utviding både i breidda (mot nord og sør) og lengda (vestover). Då den nye kyrkjelova av 1851 stilte krav om at kyrkja skulle ha plass til minst tre tiandedelar av befolkninga, byrja kyrkjelyden å planleggja ei ny og større kyrkje. Det skulle likevel gå ein menneskealder før planen vart realisert.
Ved *Kgl. resolusjon av 25. mai 1878 vart det bestemt at det skulle byggjast ny kyrkje i Hemsedal. Den nye kyrkja vart innvigd onsdag 7. juni 1882. Men søndag den 9. juli var kyrkja enno ikkje ferdig måla innvendig. På denne datoen vart det derfor for siste gong halde gudsteneste i den gamle stavkyrkja, før ho vart riven utpå haustparten same året. Materiala etter stavkyrkja vart lagde i lunnar og selde på auksjon. Stavane i midtrommet vart m.a. brukte til åkerrullar.
Informasjonen er henta frå Wikipedia
Bilder frå gudsteneste i 2016. Foto av Steinar Bleken.






